13°Valldal

Norsk

Jordbærbygda Valldal bølger frå toppen av Trollstigen og fire mil ned til sentrum i Valldal, som kallast Sylte.

Valldal ligg ved kanten av Storfjorden og er kjend for sitt gode varme klima og frodige natur. Dette kjem av at bygda er omkransa av høge fjell som vernar mot det ellers så lumske vestlandsvêret. I Valldal og Tafjord kan ein ofte måle dei høgaste temperaturane i landet. Under sommarmånadene er det hektisk og intensiv trafikk i bygda. Utanom den faste turiststraumen, kjem her òg folk frå heile fylket for å kome seg vekk frå byen og å kvile seg ut, campe, bade, fiske eller gå på fjellturar.

Valldal er kommunesenteret i Norddal. I gangavstand frå Fjellro når du matvareforretningar, frisør, tannlege, post, bank, legekontor, turistinformasjon, bensinstasjon, bibliotek og offentleg kommunikasjon.

Gamle syltegata

Langs foten av det dramatiske Syltefjellet strekk Syltegata, den tidlegare hovudgata i Valldal, seg. Før var trafikken her livleg, men sidan hovudvegen blei flytta ca 50m unna, har Syltegata istaden blitt ei ynda gate å spasere i, både for lokalbefolkningen og for tilreisande. Gata har ein spesiell "bygdebystil", med mange særmerkte verna trehus, med intrikate detaljar og koselege hagar bakom. På motsett sida av vegen ligg den vakre trekyrkja.

På toppen av Syltegata ligg det ikkje mindre særmerka Fjellro Turisthotell, like ved sida av det sjarmerande Lul-huset. Under 100m frå hotellet munner Syltegata mot fjorden. Her ligg òg Valldals kommersielle sentrum med mellom anna to store matbutikkar.

Frukt og syltetøy

Fordelaktig vêrtilhøve og god jord har gjort Valldal til ein unik frodig og vekstrik dal. Desse føresetnadene er perfekte for dyrking av frukt og bær. I det paradisiske Linge, nokre kilometer langsmed fjorden, ligg Europas nordlegaste kommersielle frukthage.

Frå Sylte sentrum og opp heile dalen breiar enorme jordbæråkrar seg. Det saftige raude bæret har blitt eit symbol for den frodige Valldalsbygda.

I den gamle syltetyfabrikken på Sylte foredlast dei lokale bæra til velsmakande blandingar av til dømes jordbær, blåbær, bringebær, tytebær, molte eller eple, pære og plomme. Her kan ein handle varer direkte frå fabrikkutsalet i ein liten sjarmerande butikk i Syltegata.

Butikkar

Under 100m frå Fjellro ligg forretningsstrøket i Valldal. Her ligg to store matvareforretningar, med eiga avdeling for til dømes møblar, gåver, hobbyartiklar og leiker. Begge butikkane har søndagsope i høgsesongen. Valldal har òg klesbutikk og frisør.

For dei som er interessert i suvenirar anbefalar vi husflidsbutikken og syltetybutikken, som òg ligg svært sentralt. Valldalsbæra og produkta frå syltetyfabrikken er vide kjent og ettertrakta i heile landet. Prospektkort og meir tradisjonelle souvenirar kan ein kjøpe på turistinformasjonen ved hamna.

Idrettsaktivitetar

Om du er aktiv, men ikkje vil gå på fjelltur, finst det innandørs alternativ for deg. Cirka 250m ifrå Fjellro ligg Kulå bowling, der du kan bowle, spele biljard, air hockey og darts. Ytterlegare 50 meter derifrå ligg rekreasjonssenteret Muritunet. Der er det alltid mykje aktivitet og moglegheit til å nytte innandørs symjebasseng, sauna, solarium og treningsrom. Om vêret er bra kan ein leige plass på tennisbana eller beach-volleybanene ved fjorden.

Bad

I Valldal finst òg ei naturleg badestrand som er populær hos barnefamiliar. Her er det langgrunt og du kan vade langsamt ut og nyte dei vakre omgjevnadene. Den meir dristige kan òg hoppe i fjorden direkte frå kaia eller klippene i nærleiken. I Tafjord finst det eit svært populært friluftsbad.

Kaia

Kaia er hovudåra på Sylte. Der ligg daglegvarebutikkane, turistinformasjonen og småbåthamna. Her kan du ta til deg ein real dose frisk luft og få nærkontakt med den ofte middelhavsgrøne fjorden. Du kan stoppe for å fiske, lytte til måsane sine lokkerop eller bade frå kaikanten. Ønsker du nærare kontakt med fjorden, kan du ta kontakt med Valldal Naturopplevingar og skaffe deg ein kajakk, padlebrett eller du kan rafte ned elva.

Olsok og andre arrangement

Om sommaren er det mange arrangement i Valldal med husflidsmesse, utstillingar, idrettsarrangement og andre tilstellingar. Den siste helga i juli feirast Olsok og denna høgtida brukar å få dalen til å koke. Mange tusen tilreisande vitjar då bygda, noko som merkast i ei bygd på vel 800 innbyggjarar. I gamle Syltegata er det denne helga marknad og torgboder og både utestadane og sjølve gata brukar å syde av liv.

Olsokfeiringa i Valldal er knytt til Heilag Olavs dramatiske flukt i 1028 gjennom Valldalen. Mange segner og myter blir framleis fortalt og spora etter sjøormen Heilag Olav slengte i fjellveggen, er framleis godt synleg i Syltefjellet.

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies