-2°Valldal

Norsk

Utsikta langs dei svingete, stupbratte fjellsidene, fossar, fjordar og frodige og luftige fruktgardar kan bergta deg. Etter ein stopp i Valldal kan du ta turen vidare for å oppleve mange av Sunnmøres perler, og ta del i ei opplevingsrik ferd.

At vegstrekninga Golden Route ber sitt namn med rette forstår ein først når ein kjem dit. Utanom Geirangerfjorden og Trollstigen, begge hjørnesteinar innanfor norsk turisme, finst her ei rekke andre utfluktsmål, som er vel verdt å vitje. 

Sjølv om landskapet er både vilt og dramatisk kan det óg virke avslappande og innbydande for barnefamiliar. Frå Valldal er det lett å kome seg til Herdalssetra, ei av dei få setrene som framleis er i drift. Her vandrar geitene fritt og likar godt å bli klappa. På varme dagar anbefalar vi eit besøk til Tafjord Friluftsbad.

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies