13°Valldal

Norsk

Fjellro er rett plass å overnatte for deg som vil ha eit alternativ til dei store turisthotella. Romma våre har personleg preg med WC/dusj/TV/WiFi og er godt skydd frå trafikksusen. Her kan du finne roa og ei god natts søvn.

Dei fleste romma er doble eller enkle, men vi har òg fleire familierom med 3-4 senger og moglegheit til å setje inn barneseng. Alle romma våre er røykfrie – lik resten av hotellet. Kvart rom har i tillegg kaffi/te-fasilitetar og hårtørkar samt brettspel og kort til utlån.

Prisar:

Enkeltrom kr. 1140,-
Dobbeltrom kr. 1.340,-
4-sengsrom  kr. 1.820,-
Fredag og laurdag kostar enkeltrom og 4-sengsrom kr. 100 ekstra, og dobbeltrom kr. 110 ekstra.  
Ekstraseng til dobbeltrom kostar kr. 370.  

Alle prisar inkluderer frokost. Wi-Fi og parkering ved hotellet er gratis.

Vi kan òg nåast på telefon: +47 70 25 70 65 / 90 14 89 97 eller på e-post: fjellro@realtime.no.

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies