14°Valldal

Norsk

I den fargerikt innreidde hovudbygninga ifrå 1917 finn du vår populære kafé og resepsjon, med ein flott hage på baksida. I andre etasje ligg vår smakfulle fiskerestaurant Fjellrosa. I kjellaren har vi pub og konferanserom.

Midt i sentrum av Valldal, i eit av dei særprega trebygningane i Gamle Syltegata, ligg Fjellro Turisthotell. Hotellet har vore drive av samme familie i mange år og vi legg vår ære i at gjestane våre skal kjenne seg heime og få ein god og personleg service. Syltefjellet, som stig loddrett opp frå hagen, er bakgrunnskulissene for Fjellro. Vi likar å tru at fjellet både vaker over oss og er med på å skape ei spesiell stemning mellom ytre dramatikk og indre ro. 

Om sommaren, når sola ler over dalen, er hagen med uteservering eit godt alternativ for deg som vil stoppe og svalne av litt. Her kan du la borna leike fritt, vel skydd frå den trafikkerte hovudvegen. Reiser du med bil eller motorsykkel, så har vi rikeleg parkeringsplass. Vi har i tillegg mat- og drikkeservering både i kaféen og restauranten.

I kjellaren er du velkomen til vår britiskinspirerte Bills pub, der det ofte spelast live-musikk i helgene. Vi har alle rettigheiter, og kan skilte med ei av dei største whiskysamlingane i distriktet.

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies