13°Valldal

Norsk

32 sel ligg her i klynge og dei gamle setertradisjonane blir framleis heldne i hevd.

Å vitje Herdalssetra er ei koseleg utflukt for heile familien. Her har seterfolk ysta brun og kvitost i over 300 år — i dag produserar dei óg ekte geitemelkskarameller. Geit og andre dyr vandrar fritt rundt og beiter på engene. Dei er for det meste i godlynne og likar å bli klappa. For å kome til Herdalssetra må du reise til Norddal. Berre turen frå Norddal og opp til Herdalssetra langs ein slingrete bomveg, er verdt turen åleine.

Du finn meir informasjon om Herdalssetra her og her.

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies