20°Valldal

Norsk

Her ser du kva slags hendingar Fjellro arrangerer på hotellet. Vi gjer merksam på at Facebooksida vår oftast blir oppdatert.

Dette skjer

 

Olsokfestival

Olsok feirar vi siste helga i juli kvart år i Valldal. I samanheng med feiringa brukar vi å arrangere levande musikk og gris- og lammegrilling i hagen på Fjellro.

Bluesfestival

Kvart år arrangerer vi ein internasjonal bluesfestival med musikarar i toppklasse. Fjellro Bluesfestival 2018 går av stabelen i påska 31. mars. Vi sørger for god stemning, topp musikk og ikkje minst intimkonsertar. Besøk Facebooksida vår her for å lese meir. For å bestille billettar kan du bruke kontaktskjemaet du finn her: kontakt oss.

Pub-quiz

Vi arrangerer regelmessig quiz i puben. Dette er blitt veldig populært, og vi rådar alle til å bli med på moroa!

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Personvern