13°Valldal

Norsk

Geiranger er sjølve underet blant naturperlene i Fjord-Noreg med majestetiske, snødekte fjelltoppar, vakre og ville fossar, frodige fjellsider og ein djupblå fjord – ja, det er mest som eit eventyr. Geirangerfjorden fekk i 2005 status som verdsarvområde av UNESCO.

Bli med på fjordsightseeing og opplev alt dette. Geirangerfjorden blir ansett for å vere verdas vakraste fjord. Dei smale fjordtungene bølgar seg mellom majestetiske fjell, ville fossefall og intens grøn og frodig vegetasjon. Om du opplever naturen frå dei kronglete fjellvegane til fots, i bil eller frå cruisebåtane på den middelhavsgrøne fjorden, vil inntrykka ikkje la nokon vere urørte.

Du kan óg følge vegane som klatrar bratt gjennom mange hårnålssvingar, opp til Dalsnibba, Flydalsjuvet og Ørnesvingen. Herifrå har du fantastisk utsikt over eitt av dei vakraste reisemåla i verda.

I Geiranger møter du språkmektige og hjelpsame menneske som har eitt mål for auget; at opphaldet ditt i Geiranger skal bli ei positiv og minnerik oppleving. I Geiranger er du hjarteleg velkomen!

 

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies