-2°Valldal

Norsk

Velkomen! Her i Fjellrosa fiskerestaurant vonar vi du finn deg vèl til rette. La våre servitørar ta hand om deg, svare på dine spørsmål og kome med gode tips og råd rundt vår mat og drikke. For dei og oss, er du den viktigaste personen i rommet. For å sjå våre menyar, klikk på bileta under.

Målet vårt er at du skal gå herifrå ei oppleving rikare, at både munn, auge og gane vert pirra og tilfredsstilte. Difor er menyen vår komponert av dei beste råvarer. I størst mogleg grad bruker vi lokale norske råvarer. Alt etter kva årstid det er, kan du oppleve smakar frå fjord og fjell eller ramsalte havòp. Kokken vår planlegg menyen utifrå tradisjon og fantasi og gjer sitt beste for at kvaliteten og særpreget skal kome til sin rett. La deg lokke og la deg freiste – nyt dagen, maten og livet her og no!

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies