-2°Valldal

Norsk

Enkelte har nok med å nyte det dramatiske og vakre landskapet frå bilvindauget eller på turar med fast mark under føtene, andre kan ha trong til å kome nærare naturen og oppleve storheita og krafta av denne direkte på kroppen.

Om du er ein av desse, kan du stoppe av og bo hos oss nokre dagar. Med Valldal som utgangspunkt fins ei lang rad aktivitetar og opplevingar du kan få med deg, derunder fjellturar og toppar du kan bestige. Turane kan avpassast tid og krefter. Føretaket Valldal naturopplevingar lar deg i tillegg prøve dramatisk rafting, fjellklatring, brevandring og kajakkpadling, alt med kvalifiserte guidar. På Fjellro samarbeider vi med Valldal Naturopplevingar og kan tilby overnatting med eventyr i tillegg.

1. juli 2014 opna Valldal Aktivitetspark, ein ny og spanande klatrepark/høgdepark! Her finn du tilsaman 600 meter med klatreløyper fordelt på 26 ulike klatreelement montert lavt og høgt oppe i trea. Herav to lange zip-lines på heile 125 meter. På amfiet er det daglege forestillingar med trolla frå Trollstad. Det blir også sal av mat og drikke i parken.

Ta turen til Valldal Aktivitetspark i sommar for ein aktiv opplevelse for heile familien.

Les meir om desse opplevingsrike føretaka på Valldal Naturopplevingar og Valldal Aktivitetspark.

 

 

 

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies